Hæla i taket!

AUSEKARANE: Med Tor Endresen og Bjørn Jensen i spissen, har Ausekarane herja revy- og konsertscener rundt på Vestlandet i ei årrekkje.

Det blir garantert full fræs med moro og «hæla i taket» under Trebaatfestivalen i august. Det skal Ausekarane og Tor Endresen, humorparet Ina & Ørjan, Melody Market og jazzpub med Isiazz og Dagny Anna sørge for.

-Det er sjelden vi har presentert eit så variert og spekka program for Trebaatfestivalen, samtidig som vi gjer gjenbruk av nokre tidlegare artistar som har gjesta Ulsteinvik med stor suksess, seier festivalleiinga Hugo Antonsen og Line Urke.

I tillegg til dei meste kjente namna som går på scena i festivalteltet, vil det som vanleg vere eit rikhaldig program med gratis underhaldning og aktivitetar over store delar av sentrum under festivalen, som blir arrangert 15.-18. august.

-Trebaatfestivalen skal vere ein familiefest, som den alltid har vore. I tillegg til høgdepunkta i festivalteltet på Kulturalmenningen, inneheld programmet ei rekke arrangement og aktivitetar for heile framilien, og då særleg for dei yngste.

 

Har herja

Tor Endresen og Ausekarane gjesta Trebaatfestivalen for 11 år sidan med kjempesuksess. Også i år startar kvelden med eit heidundrande show , og held fram utover seine kveld og natt med konsert og dans.

Det er ikkje utan grunn at Ausekarane - med Tor Endresen og Bjørn Jensen i spissen - har herja revy- og konsertscener rundt på Vestlandet i ei årrekkje. For dette er fengande musikk, reinspikka moro, ein god porsjon galskap, og ikkje minst eit band med fantastiske musikarar.

– Vi ønsker å vera kystkulturbærarar som vil halde liv i arven etter artistar som har gått føre, fortel gitarist Jan Arne Knutsen.

– Og vi opplever ei endring blant dei unge strilane. Det ser ut til å vekse fram ei kjensle av å vere stolt over kvar vi kjem frå. Alle medlemmene i Ausekarane er frå Strilelandet, så nær som Tor Endresen som er einaste bergensaren på laget. Men han er så godt inne i strilekulturen at han eigentleg kunne søkt om å bli forfremja til stril.

 

Norges aktive

MELODY MARKET: Eit av landets mest travle band er også eit av landets best cover-band, som skapar høg stemning med allsang-faktor.

Melody Market gjesta Ulsteinvik og Heimebanefest i 2023 med stor suksess. Gruppa er ei av Norges leiande cover-band, og skaper ei stemning med allsang-faktor ein skal leite lenge etter, der 3-manns bandet tryllar fram den gode stemninga frå første låt.

Melody Market spelar på event, festival og klubbscenar over heile landet, heile året, og har sidan oppstarten gjort bortimot 200 opptredenar, tross to år med pandemi og speleforbod. Bandet har også gitt ut 7 singlar og har signert kontrakt med plateselskapet Touchdown Music AS, som driftes frå erverdige Nidaros Studio i Trondheim.
I vinter varma dei også opp for Staysman på Rockefeller, og sjølvsagt var det utseld og fullt hus.

Eitt av landets mest travle band består av trioen Stig Nergård (gitar og vokal), Andreas Nergård (trommer) og Åsmund Evja Eikill (bass)

 

HUMOR-DUO: Ina Breivik og Ørjan Liavåg skapar hysterisk artig stemning kvar gong, overalt. No er duoen Ina & Ørjan klar for Trebaatfestivalen igjen.

Humor og jazz

Ina & Ørjan har gjesta Trebaatfestivalen tidlegare med stor suksess. Humor-duoen Ina Breivik og Ørjan Liavåg er hysterisk artig, der Ina & Ørjan hentar fram karakterar gjennom eigne observasjonar, som får publikum til å hyle av latter.

Dei har spelt ei årrekka for fulle hus, og sprengte nesten festivalteltet forrige gong dei gjeste Trebaatfestivalen.

JAZZPUB: Nytt av året er jazzpub med det Volda-baserte bandet Isiazz og vokalisten Dagny Anna Måløy Johnsen.

Nytt i år er Jazzpub med det Volda-baserte bandet Isiazz og den leikande vokalisten Dagny Anna. Isiazz består av rutinerte musikarar frå Volda. Dei har gjennom mange år gleda mange med sitt melodiske repertoar og si muntre framferd. Her får du høyre eviggrøne jazzslagerar.

Bandet består av Stein Lied på trommer, Svein Hunnes på bass, Robert Løkketangen på gitar og Øyvind Lied på tangentar. Dei har akkompagnert mange lokale solistar på ulike jazztilstellingar i distriktet.

Denne gong er det Dagny Anna Måløy Johnsen som skal vere i front. Med sin sterke pasjon for jazz og gode melodiar i tillegg til tonnevis med scenetekke og sjarm er ho den sjølvskrivne frontfigur når Isiazz skal innta scena under jazzpuben på Trebaatfestivalen.

Billettane blir lagt ut på sjoborg.no ved påsketider. Følg også med på nettsida til Trebaatfestivalen eller på sosiale media.

 

 

Next
Next

- Dette blir moro!