I år feirer vi 20-årsjubileum!
Mykje bra å oppleve i Ulstein Arena i veke 33 under Ulsteindagane 2025
Det er i år nye folk som har teke over Trebaatfestivalen der vi seglar inn i 20 års jubileumet til festivalen.
Saman med IL Hødd vil vi prøve å få til ei flott helg med masse program, med bistand frå Ulstein Event.
Men - vi går saman og samlar oss under paraplyen ULSTEINDAGANE 2025.
Vi i Trebaatfestivalen held oss som tidligare ned i hamna ved hotellet. Det håper vi å få til liv og røre for store og små.
Arenaer for formidling av kystkulturen vår blir færre og færre og vi meiner at Trebaatfestivalen er ein viktig arena for å vidareformidle dette for yngre generasjonar. Difor har vi også fått med Sunnmøre Museum, Bjørkedalen kystlag, og Flåværsleia kystlag som vi vere med å hjelpe. Difor trur vi at det kan bli kjekke dagar der kystkulturen vår står i sentrum.
I Ulstein Arena vil du få oppleve:
- Vestlandets største QUIZ torsdag 14. august med Bernt Huslker og Jamel Rake
- Show med Carina Dahl og Ylvis på fredag 15. august
- SOMMAR Feel It på laurdag 16. august
IL Hødd får lov å ta inn 800 gjestar i Ulstein Arena, so her blir det trøkk!