2022: Alice spelar laurdag!

Laurdag 20. august i Festivalteltet

Trebaatfestivalen har i år lukkast i å samle orkesteret Alice frå Ulsteinvik som hadde si storheitstid på danselokaler rundt om i Norge på 80-talet. Etter mange forsøk frå festivalen tildegare år, har det i år endeleg lukkast å samle bandmedlemmane til en heidundrande dansekveld i festivalteltet.

Alice var det mest profilerte danseorkesteret frå våre kantar på 80-talet. Orkesteret fikk en flying start med siger i landsdelfinala i NM i rock, med vidare deltaking i TV-overført finale på NRK frå Jordal Amfi i Oslo. Dette førte også til platekontrakt for bandet og EP-plate vart innspelt i Rosenborg studio i Oslo og gitt ut i etterkant av finala.

Det mest vanlege underhaldningstibodet for ungdom rundt om i landet på den tida var dansetilstelingar på samfunnshus på bygdene og på restauranter i byane. Med dyktige musikera og eige profesjonelt lyd- og lysutstyr vart Alice etterkvart svært populære og etterspurde, og turnerte heile landet i fleire år. Publikum fikk servert så vel listepop som personlege favorittar samt eit knippe sjølvlaga låter.

Bandet har funne fram dei gamle repertoarlistene og legg opp til ei skikkelig 80-tallskavalkade i festivalteltet den laurdag 20. august. Så om du er av dei som vaks opp med 80-tallsmusikken, eller om du også er fan av musikk frå t.d. Eric Clapton, Van Morrison, Doobie Brothers, The Band, Steely Dan, Bob Dylan, J.J. Cale m.fl. eller du rett og slett vil oppleve festivalstemninga på Trebaatfestivalen, så har du altså sjansen til ei noko så sjelden oppleving som dans med Alice i Ulsteinvik laurdag 21. august. 2021.

Previous
Previous

2022: Stavangerkameratene spelar fredag

Next
Next

2022: Tyt og køyr laurdag!