2021: Ekstraførestilling «Full fart framover»
Premieren av «Full fart framover» torsdag 19. august er snart utseld, og vi sett opp ekstraførestilling for at fleire skal få med seg den elleville førestillinga.
Manus er skrive av Knut Arne Høyvik, medan Trude Gurskevik Knotten har regi og koreografi på førestillinga.
«Full fart framover» handlar om då motoren kom og tok over for segl og årar for meir enn 100 år sidan. Utan å røpe for mange detaljar, vert det meir enn ein morosam episode når importøren og seljaren skal vise fram herligheita til sparsome sunnmøringa.
I manus er det både fiskarar, reiarar, banksjef og heimeverande, i tillegg til kritiske pensjonister og utenlandske aktørar. Amatørskodespelarar frå Dimnarevyen kler dei fleste rollene, og betre lattergaranti kan det ikkje vere mogleg å gi.
Førestillingene blir spelt på Sjøborg kulturhus, og billetter finn du her: