2021: Strikkebitsj og Alice er avlyst!
Den planlagte storkvelden under Trebaatfestivalen med Strikkebitsj og Alice laurdag 21. august, er dessverre avlyst og utsatt til 2022. Årsaken er at det av smittevern-hensyn ikkje er anbefalt å danse.
Det er dansebandet Alice som har tatt avgjersla i samråd med arrangørane, som saman beklagar at det ikkje var mogleg å få til arrangementet utan å ta ein risiko som er for stor.
-Vi veit at mange hadde venta lenge på denne opplevinga, og bandet sjølve hadde øvd og verkeleg gledde seg. Men vi ønskjer ikkje å utsetje publikum, artistar eller frivillege for ein smitterisiko som ansvarlege for smittevern advarer mot. Dei mange som hadde kjøpt billettar til dette arrangementet kan velge om dei vil ha pengane refundert, eller om dei vil ha billetten ståande til Trebaatfestivalen neste år. For då står dei garantert på scena, seier festivalsjef Line Urke.
I dei koronautbrudda som har vore andre stadar i landet den siste tida, er dans ei av dei største årsaka til smittespreding. Det er også årsaka til at Trebaatfestivalen har valt å trekke arrangementet i samråd med artistane.
Sjølv om Strikkebitsj ikke oppmodar til dans, var heile kvelden seld som ein pakke på ein billett. Det vert difor veldig vanskeleg å refundere deler av billettprisen.
-Vi jobbar med nokre alternativ for å skaffe ei erstatning, og kjem tilbake så snart vi har noke å fortelje, seier Urke.