2021: Klart for ny Quiz
Fredag 20. august er det igjen klart for Sparebank 1 Søre Sunnmøre-Quiz, med dei suverene quizmasterane Lasse Myrhol og Are Rise.
Årets quiz er av fleire ulike årsaker flytta frå torsdag til fredag, og vi gjer merksam på at festivalteltet i år er flytta fra Kulturalmenningen til RR-plassen, same plass der konsertane under heimebanefest vart arrangert.
Som hovudsponsor for Trebaatfestivalen har Sparebank 1 Søre Sunnmøre over fleire år bygd opp den populære festival-quizen, og hatt fulle hus med med opptil 40 lag og deltakarar frå meir enn berre Hareidlandet.
Også i år blir det flotte premiar frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre.
På grunn av smittevernreglar vil det også i år vere restriksjonar som gjer at ein ikkje kan ha fleire enn 5 deltakarar på kvart lag. Påmeldingsavgift er 100 kroner per deltakar, og betalast i døra.
Først til mølla får plass på den store quiz-kvelden. Meld på laget ditt og namna på deltakarane. Festivalteltet er i år flytta frå Kulturalmenninga til parkeringsplassen ved den gamle Gullblokka, også kalla RR-plassen.
Gå til menyen på toppen av sida og velg Påmelding, deretter Quiz.