2021: Reunion for Alice 40 år etter profflivet

Alice in wonderland.jpg

Trebaatfestivalen har i år lukkast å samle orkesteret Alice frå Ulsteinvik, som hadde si storheitstid på store og små lokalar rundt om i Norge på slutten av 70- og tidleg på 80-talet. Gjer deg klar for ein heidundrande musikalsk festkveld i festivalteltet!

Laurdag 21. august, kl. 19:00
Billett kan kjøpast
her via Sjoborg.no laurdag 29. mai kl. 09.

Trebaatfestivalen har i år lukkast å samle orkesteret Alice frå Ulsteinvik, som hadde si storheitstid på store og små lokalar rundt om i Norge på slutten av 70- og tidleg på 80-talet. I ein 5-årsperiode turnerte bandet over heile landet, i hovudsak på danselokalar men også med fleire spelejobbar på velrenommerte stader som Club7, Chateau Neuf-kjellaren, Glopperock og Festigavla.

Trebaatfestivalen har prøvd å få dette til fleire gonger tidlegare år, men først i år vart det mogleg å samle bandmedlemmane til en heidundrande musikalsk festkveld i festivalteltet.

Alice var det mest profilerte danseorkesteret frå våre kantar på 80-talet. Orkesteret fikk en flying start med siger i landsdels-finala i NM i rock, med vidare deltaking i ei TV-overført finale på NRK frå Jordal Amfi i Oslo. Dette førte også til platekontrakt for bandet og EP-plate vart innspelt i Rosenborg studio i Oslo og gitt ut i etterkant av finala. 

For banda som ville spele for folk på 70- og 80-talet var det dansetilstellingar på samfunnshus og liknande lokalar som gjaldt – det var det mest vanlege underhaldningstilbodet for ungdom rundt om i landet.  På bygdene var det samfunnshus, i byane danserestaurantar. Med dyktige musikarar og eige profesjonelt lyd- og lysutstyr vart Alice etterkvart svært populære og etterspurde, og turnerte frå Honningsvåg til Kristiansand i fleire år. Publikum fikk servert så vel listepop som personlege favorittar samt eit knippe sjølvlaga låtar. 

Når karane no samlast igjen har dei har funne fram dei gamle repertoarlistene og legg opp til ei skikkelig 80-tallskavalkade i festivalteltet den 21. august.

Så om du er av dei som vaks opp med 80-tallsmusikken, eller om du også er fan av musikk frå t.d. Eric Clapton, Van Morrison, Doobie Brothers, The Band, Steely Dan, Bob Dylan, J.J. Cale m.fl. eller du rett og slett vil oppleve festivalstemninga på Trebaatfestivalen, så har du altså sjansen til ei noko så skjeldan oppleving som dans med Alice i Ulsteinvik laurdag 21. august. 2021.

Bandet hadde litt ulik samansetting i løpet av den tida dei heldt på, dei som er samla no er dei som var med den lengste tida: Ronny Jakobsen på trommer og vokal, Bjørn Barstad på bassgitar, Eldar Vartdal på tangentinstrument, Rune Ertesvåg på gitar, munnspel og vokal, og Ståle Rasmussen på gitar og vokal.

Previous
Previous

2021: Klart for ny Quiz

Next
Next

2021: Hildegunn & Leif-Per er tilbake med Strikkebitsj