2021: Hildegunn & Leif-Per er tilbake med Strikkebitsj
Hvis du spør dei to mest kjende Moltubakkane her i landet om kva som har prega livet deira mest det siste året, vil dei sannsynlegvis seie hytteliv, surdeig og lærarvikar – samt ungar opp og ned føre.
- Eg har hatt svært varierande inntekter siste året, og kreativiteten min har dermed fått seg ein oppsving. «Nød lærer naken kvinne å spinne» - eller, når ein er nyskilt og blakk må ein tenke nytt, seier Hildegunn Moltubakk. Siste året har jo teke vikariat både på Cubus og på sentralbordet til Ulstein Group, men den største opplevinga i arbeidsmarknaden kom sist i rekka:
Show; Laurdag 21. august, kl. 19:00
Billettar leggast ut her på Sjoborg.no laurdag kl. 09.
- Det var først da eg fekk prøve meg som lærarvikar at eg verkeleg kjende at eg levde. At folk i det heile tatt har behov for å få adrenalin-kick gjennom strekkhopping og rafting i Sjoa når det finnast tilgjengeleg vikariat i småskulen - ja, det er for meg ei stor gåte, seier Hildegunn, og legg ut om ufordringane med å undervise når klassen har elleve elevar med individuell opplæringsplan, sju er glutenallergikarar, fem har ADHD og dei fire siste er berre heilt vanlege galne.
- Jau, du kan seie at eg har fått køyrt meg, seier La grande Dame de Ulsteinvik, Hildegunn Moltubakk. Det siste året har ho og Leif-Per fått stått på scena i lag berre to skarve gonger, men til gjengjeld har dei vore svært synlege på sosiale medier gjennom «Mandagspraten».
- Kjekt å prate litt éin gong i veka, så difor har vi laga til ein LIVE-session på Facebook og Youtube der vi pratar verkeleg djupt om dei små tinga, seier Leif-Per Moltubakk. Leif-Per har siste året flytta nesten permanent til hytta si på Fjelle – sannsynlegvis for å sleppe unna ein del mas. Det er nemleg ikkje heilt lydtett ned til kjellarleilegheita der Leif-Per vanlegvis bur. Eldstedottera til Hildegunn, Brit-Bente, har nemleg flytta heim igjen med fire ungar på slep: Tove-Gunn, Per-Sindre, Therese-Merethe og stakkars, vesle Tim.
- Det blir musikk, og det blir grundig ploging gjennom menneskesinnet – på eit svært grunt nivå! Men vi gler oss stort til å kunne sjå publikum i augene igjen – det er det viktigaste, seier Hildegunn – og ho garanterer at ho kjem til å stå på scena så fullvaksinert for korona at det gjallar i veggane.