NB: Kun kort! Ingen kontanter
I år blir det ikkje mogleg å betale med kontanter på Trebaatfestivalen sine arrangement. Det blir kun høve til å betale med bankkort eller Vipps! Det er fleire grunnar til at vi gjer dette, dei viktigaste er smittevern og tryggleik – både for arrangør og publikum . Men det er ingen grunn til å skjule at dette gjer det enklare for oss som arrangører – og vi håper det skal gå raskare og bli mindre kø når ein skal handle.
Det betyr i praksis at all omsetning av billetter i døra, salg av mat og drikke inne på festivalområdet, må betales med bankkort eller Vipps.